Veiledning / Coaching
Veileder skal vere ute etter å gripe partene i å gjere noko bra, og/eller kva personen kan gjere annaleis/ meir av/starte med. Samtalane skal føre til vekst og utvikling. Eg bruker LØFT i samtalane, så dette blir også ei moglegheit å forsterke eit slikt fokus.
Det kan ofte vere einsamt å vere leiar, og ha ingen eller få å rådføre seg med når ein står ovafor ulike utfordringar. Eit modent trekk er å knytte til seg ein "samtalepartner". Aura Consulting kan vere det for deg.
Eg har tidligare vore coach i studiet Coaching og kompetanseutvikling i Ålesund(for leiarar som videreutdanna seg til å verte coach), og Molde i 3 år. I tillegg har eg vore coach for leiarar i studiet Relasjonsledelse og teamcoaching i Molde i 1 år. Elles er eg både veileder og coach for leiarar og team i det offentlige og private næringsliv, og har vore det dei siste 6 år.
"Ein god dag kjem aldri for seint" - Ivar Aasen